Dikt på nynorsk


La meg få kjenna på livet, kjenna vinden stryk kinnet mitt, kjenne fridomen på å få leva… dela gleda og kjærleiken til alt liv, og til alt vi er… det vi er

Vi har kort tid her på jorda, det er så mye eg vill gjera, men ein vert stoppa av å leva, makta avgjer…vi har ikkje pengar.

Slik er det utan pengar, kart og kompass, kjem ein ikkje langt, for det har makta teke.

Håpar om tid og stundar, at makta vert laga ned, så vi menneske får leva i fred.

Få leva ut draumane våre, som vi hadde… eit minne om ei fredeleg jord, med alle sansane, lukte, smakt, høyra og føla.

Med håpet, trua og kjærleiken... men størst blant dei er kjærleiken
Nina M Aune

Eg ber på ein draum…
djupt inn i mitt hjarta.
Draumen skal ein dag,
få koma fram og leva.
Utan draumen er eg ikkje noko…
ikkje meg…ikkje meg
Tanken er djup, og viljen god…
han ventar på å få,
koma ut i verda.
Men smerta er stor…
verda treng draumen,
og viljen er god
Ein dag
«snart»
er tida inne
Imedan vandrar eg på
gjengrodde stigar…
medan timen er nær.
Eg kan føla ho,
nesten røra ho.
Men eg er redd,
redd for smerta…
om draumen er nær,
eller om han smuldrar bort ,
for det er fôra gjort,
og missa draumen

Nina M Aune

Så godt å kjenna armane dine rundt meg…
lenge sidan no
Men i tankane er du tett ved sida mi

Det gjekk heilt gale mellom oss to,
ting vart sakt og gjort,
skulle så gjenre hatt det ugjort.

Men alt er forsend for oss to,
kjenner ei tåre trillar sakte ned på kinnet mitt
Eg veit at eg er i tankane dine…
du er òg i mine

Ikkje lett gløyma den kjærleiken vi to hadde saman,
han finst det berre ein av,
og eg skal gøyma deg langt inne i hjartet mitt.

Ingen skjønte kjærleiken vår,
på ein måte var vi to motpolar,
men likevel like på mange område
Livet var godt ein periode…
vi dansa saman til livet,
og kjærleiken var varm og god

Møtst vi igjen ein gong…
kanskje i eit anna liv
då skal vi dansa saman
Le og smila til verda av glede…
endeleg er det oss to,
knytt saman av kjærleik
Av: Nina M Aune

Som ei stille elv reiser vi inn i det nye året 2016 .

På nye eventyr langs fjord, land og by…
kva vil dette året gje oss av visdom og oppdaging.

Stille følgjer vi vegen hans, mot ein horisont som vi kan skimta der framme.
Spenninga stig når vi trur at vi nærare oss måla vårt…
men vi kjem ikkje i mål.

Vi er på ferda til livet vårt, og han i seg sjølv er spennande.

Meininga er å læra, meistra ting på godt og vondt.
Vegen vert til medan vi går…eit spennande liv og ferd.
Av: Nina M Aune

Eit andlet utan maske,
du er ekte.
Eg kan sjå du har levd

Eit liv av små linjer i andletet ditt
Eg kan sjå du har ledd masse,
men kan og sjå sorga du har berre

Livet har ikkje alltid fare snilt med deg,
men du kjem deg alltid opp att

Du kom deg igjennom,
for dei du bad om hjelp
du gøymde deg ikkje bort bak ei maske

Du blottla din sjel, du var nakne

Sorga og gledene fekk kome,
opp i dagen
Slik vert mann sterk av,
og ein slepp sorga lettare,
for dei du dele han med andre

For dei du var naken
Av: Nina M Aune

Nyeste kommentarer

06.06 | 19:15

Nå fikk jeg svar på det jeg lurte på 😍

...
09.04 | 09:24

Synes dette er spennende:) har prøvd flere ganger fjern healing og synes det er godt.kan bli litt ruset noen ganger og avslappet:) bruker med.musikk:)

...
18.03 | 19:43

Tusen takk..snikt sakt Marie :)

...
18.03 | 18:07

Stand 11 er verdt hele besøket..

...
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE