Så godt å kjenna armane dine rundt meg…
lenge sidan no
Men i tankane er du tett ved sida mi
Det gjekk heilt gale mellom oss to,
ting vart sakt og gjort,
skulle så gjenre hatt det ugjort.
Men alt er forsend for oss to,
kjenner ei tåre trillar sakte ned på kinnet mitt
Eg veit at eg er i tankane dine…
du er òg i mine
Ikkje lett gløyma den kjærleiken vi to hadde saman,
han finst det berre ein av,
og eg skal gøyma deg langt inne i hjartet mitt.
Ingen skjønte kjærleiken vår,
på ein måte var vi to motpolar,
men likevel like på mange område
Livet var godt ein periode…
vi dansa saman til livet,
og kjærleiken var varm og god
Møtst vi igjen ein gong…
kanskje i eit anna liv
då skal vi dansa saman
Le og smila til verda av glede…
endeleg er det oss to,
knytt saman av kjærleik
Av: Nina M Aune